Trygve Bjerkrheims ærespris til Mons Leidvin Takle
24.10, anno domini 2012 Komponisten, organisten og pianisten Mons Leidvin Takle er nyleg tildelt Trygve Bjerkrheims ærespris. Takle fekk prisen først og fremst for det store arbeidet han gjort for å setje musikk til Trygve Bjerkrheim sine tekstar. Som utøvande musikar har Takle også sterkt medverka til at så mange Bjerkrheim-tekstar i dag er kjende og kjære – og blir brukte, i store deler av landet.
Trygve Bjerkrheims ærespris til komponisten Mons Leidvin Takle. - Du fortener så absolutt denne æresprisen! sa Kåre Ekroll (t.h.), formann i Trygve Bjerkrheims Venner. Foto: Leif Hjelleset
Bjerkrheim brukte sjølv uttrykket – ”å gi tekstane vengjer” – om melodiane. I denne samanhengen sette han svært stor pris på det gode samarbeidet han hadde med Takle og dei mange velutvikla ”vengjepar” som Takle sette på dikta hans.
Ingunn Bjorland, sekretær i TBV., overrekte roser til Takle. Foto: Leif Hjelleset Takle er også sett tone til flere av Bjerkrheim sine kantater – Den store stjerna, Den store kongen, Jul på jord og Ein evig påskedag.
Representantar for TBV overrekkjer Trygve Bjerkrheims ærespris til Takle i Kristiansand 19. oktober 2012. Fra venstre: Leif Hjelleset, Ingunn Bjorland, Mons Leidvin Takle og Kåre Ekroll.-Du fortener så absolutt denne æresprisen. Vi er visse på at Bjerkrheim sjølv også ville ha vorte ”overlag glad og takksam” for den heider som vi med denne prisen viser deg. 
